Signed in as:
filler@godaddy.com
Signed in as:
filler@godaddy.com
Stad: Stadsbygda i Trøndelag
Velkomen til oppsett og årsmøte helga 25.-27. september, på museet Kystens arv, Myrssjøen 44, 7105 Stadsbygd, https://maps.app.goo.gl/iWJpYuvSb8tizEYG8.
Dugnaden begynner fredag kl 20 og varar til litt utpå sundag ettermiddag. Kan du vera med ein del av helga, så er det òg fint – både for deg og laget.
Vi begynner såpass seint fredag fordi det er flo like før midnatt, og fyrst då kan vi setja båten opp i fjæra og ta kveld.
Når sjøen har falle laurdag morgon kjem vi til innunder og kan lettare setja opp båten. Då set vi i gang kl 09 (det er flo 12:30), og då trengst det mest folk. Vi får hjelp av folk frå Nidaros og Munin, som òg skal opp, og hjelper til med dei andre båtane etterpå. Det blir triveleg å møte dei andre båtlaga!
Når båten er oppe, skal vi spyle og vaske han, sjekke utstyr mot listene og fikse eller erstatte det som trengst. Det trengst òg folk til matstellet. På sundag smør vi båten. Til dette dugnadsarbeidet trengst det like mykje folk som vanleg, jamvel om vi får hjelp med settinga. Vi treng altså deg!
Ta med klede det ikkje er så farleg med.
Det blir òg arbeid med nybåten på Fosen folkehøgskole i Rissa, med sjauing, borking og saging av røter, smiing, oppbording, kanskje bandfelling. Kenneth båtbyggarlærar kan bruke 3-6 personar frå oss til dette, avhengig av kor langt bygginga er komen.
Overnatting blir på naustloftet (ta med sovepose og laken), eller du kan liggja i telt på området, som er idyllisk. Toalett og dusj i servicebygget til museet.
Frå Trondheim kan du ta buss 350 frå Dronningens gate til like forbi Stadsbygd kirke, så er det 400 m å gå. Eller du kan ta hurtigbåt frå Pirterminalen til Vanvikan, så buss 452 («Åfjord») til Stadsbygd kirke. Sjå https://www.atb.no/. Knip det, kan kanskje nokon kan hente deg med bil i Vanvikan.
Meld deg på ved å senda e-post til braute.info@gmail.com. Opplys perioden du kan vera med.
Har du spørsmål om dugnaden, kontakt: braute.info@gmail.com,
(eller Eldar Heide)
………………………………..
Du kan følgje laget på Facebook, der vi har ei informasjonsside, https://www.facebook.com/BatlagetBraute, og ei gruppe der medlemmer kan dele bilete, diskutere, m.m., https://www.facebook.com/groups/115946693388.
Båtlaget Braute